Nøgde med raske løysingar under tunnelstenginga

Onsdag var Byfjordtunnelen stengt i seks timar. Det skapte behov for akutte løysingar for å få trafikk frå øyane til Stavanger.

Mastrafjordtunnelen var stengt i om lag ein time onsdag morgon.
Publisert:

Byfjordtunnelen blei opna i 1992 og er nesten 6 kilometer lang. Ifølgje trafikkdata, køyrer om lag 900 køyretøy i gjennomsnitt gjennom tunnelen på ein time om morgonen. Det er altså ein god del trafikk som skal svelgast unna når ein av tunnelane plutseleg må stenge midt i morgonrushet.

I tillegg til stemning av Byfjordtunnelen etter ulykka, blei også Mastrafjordtunnelen stengt. Dette for å forhindre at bilar skulle hope seg opp inne i tunnelen. Ein time etter ulykka blei trafikken snudd og sendt nordover til Mortavika, der det blei sett inn ferjer som tok bilane med til Mekjarvik. Då kunne Mastrafjordtunnelen opnast att, og bilistar kunne igjen køyre til Mosterøy og området rundt.

Alternativ løysing

Kjetil Larsen i vegtrafikksentralen informerte i går om at ferjene tok unna så mykje bil dei klarte frå både Mekjarvik og Mosterøy, men det forhindra ikkje at ein del sjåførar måtte stå ganske lenge på kaiane og vente på ferje.

– Tunnelane blei stengt på svært kort varsel, og då vil det alltid ta noko tid før me har fått ei god, alternativ løysing på plass, fortel han til Øyposten i dag.

– Alt i alt er me nøgde med måten dette blei løyst på. Me varsla byggeleiar umiddelbart, og han var rask med å finne ein alternativ måte å reise inn til Stavanger på. Det tok noko tid å få omdirigert ferjene, men når ein slik uventa hending finn stad, vil det alltid bli forseinkingar.

Nokre av sjåførane som Øyposten prata med i går, avlyste planane sine, medan andre valte å køyre til Judaberg for å ta hurtigbåt til Stavanger.

Lite informasjon

– Eg har ikkje fått noko informasjon om kva som hender og kva tid dei opnar tunnelen, sa ein yrkessjåfør som sat i bilen sin på Sokn klokka 11. Han hadde venta der sidan klokka var 8.30. Mannen, som ikkje snakka norsk, var ikkje kjend i området. Han hadde ikkje fått med seg at det moglegheit til å ta ferje til Mekjarvik, men køyrde til Mortavika då Øyposten informerte han om det.

Per Henriksen stod ved opninga til Mastrafjordtunnelen og dirigerte trafikk.

Trafikkvakt Per Henriksen stod ved tunnelopninga på Vikevåg og sende bilar som ville til Stavanger mot Mortavika.

– Stemninga er for det meste god, sa han til Øyposten då han dirigerte trafikken.

– Nokon er stressa, men det er forståeleg i ein uoversiktleg situasjon som dette. Det er mange som må endre planar.

At det blei plassert trafikkvakt der og ikkje på Mosterøy, handla om å snu trafikken tidlegast mogleg, så ikkje alle bilane måtte gjennom tunnelen for å snu.

Politiet stod ved opninga til Byfjordtunnelen og kunne gi informasjon til sjåførar som hadde vært i området og ikkje visste om ferjene til Randaberg.

Politiet sperra for trafikk inn i Byfjordtunnelen medan etterforsking og opprydding pågjekk inne i tunnelen. Tunnelen var stengt i om lag 6 timar.

Nøgd i Fjord1

Tor Kristoffersen i Fjord1 fortel at dei alt i alt var nøgd med måten ting blei handtert på i samband med stenginga av Byfjordtunnelen.

– Dette er ikkje noko me kan planlegge for. Stenginga kom akutt og med fatalt resultat på situasjonen som førte til stenginga, så me måtte berre hive oss rundt og løyse trafikksituasjonen på best mogleg vis. Alternativet var å ikkje finne nokon måte å reise mellom Rennesøy og Stavanger på.

Han seier at det er utfordrande når dei ikkje veit noko om kva tid tunnelen blir opna att, og at dei difor måtte improvisere litt for å få unna trafikken frå nordfylket samstundes med at bilar frå Mortavika skulle fraktast sørover.

– I det store bildet er me nøgd med løysinga. Det er synd at nokon brukte lang tid på reisa til Stavanger, men me har mange ting å ta omsyn til i slike situasjonar. Me løyste dette på den beste måten me kunne, med dei verktøya me hadde. Nokre justeringar gjorde me undervegs, til dømes ved å flytte sortering av køyretøy frå lasting av ferja til innkøyring på oppstillingsområdet. Dette var for å gjere lasting av ferjene meir effektivt.

Han legg til at det alltid vil vere nokon som meiner at dei burde gjort ting annleis.

– Me tek tilbakemeldingane til oss og nyttar dei til å hauste erfaringar til ein eventuell neste gang, avsluttar han.

Publisert: