Dame frå Finnøy blei svindla på nett: – At eg kunne vere så korka dum er vanskeleg å leva med
Ei eldre dame på Finnøy mista måndag 16.000 kroner etter å ha gitt frå seg opplysningar om bankkortet.
– Måndag fekk eg melding på telefonen om at eg måtte sikkerheitsklarere Vipps, seier ei dame til Øyposten.
Ho er nedbroten etter det som skjedde, for ho har lese mykje om nettsvindel.
– Eg oppga opplysningar om bankkortet mitt. At eg kunne vere så korka dum er vanskeleg å leva med, seier ho.
Meldinga på telefonen var ikkje frå Vipps. Den var frå svindlarar. Då dei fekk nummera til bankkortet, greidde dei å ta ut 16.000 kroner.
Kunne gått verre
– Då eg fekk meldinga om å sikkerheitsklarere, tenkte eg første at dette skulle eg greie sjølv. Då eg blei spurd om å oppgi passord, blei eg mistenksam. Eg viste meldinga til ein nabo, og ho skjøna med ein gong at det var svindel. Då hadde eg allereie gitt opplysningar om bankkortet.
Ho kontakta banken og politiet og fekk hjelp. I ettertid tenker ho at ho eigentleg var heldig.
– At eg mista 16.000 kroner kan eg greie. Det verste å tenke på er at eg så lett lot meg lure, men hadde eg oppgitt passord, og hadde eg ikkje kontakta banken, kunne eg ha mista meir, seier ho.
Utbreitt problem
Mange har opplevd det same som finnøybuen. Vipps, den ekte Vipps, skriv dette om fem ting dei aldri spør kundar om via SMS eller e-post:
- Spør aldri om PIN-kodar
- Spør aldri om pengar
- Spør aldri om kort- eller kontoinformasjonen
- Spør aldri om å oppdatere betalingsinformasjonen
- Spør aldri om generell kundeinformasjon
All samhandling med kundane skjer via Vipps-appen, som er ein sikker stad, skriv Vipps.