Joakim skal laga nytt liv i Sjernarøytunet

Kokken på Innbyggartorget, Joakim Moberg Wiborg, har kjøpt Sjernarøytunet, og har store planar for staden.

Joakim Moberg Wiborg er alt i gang på Sjernarøytunet. Her serverer han middag til eit 50-tals pensjonistar som har hatt ein rundtur på Sjernarøyane med buss frå Ingvars Reiser.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: -Sjå kor idyllisk det er her, her er det store muligheter, seier Joakim til Øyposten.

Han overtek formelt Sjernarøytunet i månadsskiftet mai-juni, og flyttar med kone og to barn frå Finnøy til Kyrkjøy kor selskapslokalet ligg. Huset på Finnøy er lagt ut for sal.

-Eg går «all in», slår han fast.

Heile familien samla framfor selskapslokalet i løa. Joakim som har vesle Gabriella på armen, kona Eppril og dottera Olivia.

Han skal også driva som kokk på Innbyggartorget vidare, og pendla mellom Sjernarøy og Finnøy.

-Det skal gå fint, trur han.

Joakim, med kallenavnet Bygdakokken, ser store muligheter på staden. Han har alt hatt besøk av ei busslast for ei veke sidan, og denne måndagen kjem det rundt 50 med Ingvars Reiser. Borda er dekka og alt klappa og klart til å ta mot gjestene.

Sjernarøytunet ligg vakkert til på Kyrkjøy.

Har eiga smuglarhole

Det er pensjonistar frå Klepp, mange av dei har jobba i Felleskjøpet, som er på besøk.

-Det er veldig koselege her, skryter dei.

I selskapslokalet i den romslege løa er god plass, og i peisen sprakar det frå skiene som brenn med ein lun varme.

Joakim viser oss meir enn gjerne rundt på den nye plassen sin.

-Her kan me gjera som me vil, seier han, og viser oss smuglarhola like ved huset.

-Det er blitt meg fortalt at dei for lenge sidan gøymde smuglargods her, seier han.

Det høyrer også med ei eiga smuglarhole.

Mange planar

For dei som vil vita meir om smuglartida på Sjernarøy, er det bare å lesa «Tuntreet blør» av Alfred Hauge. Det er drama det, som seier seks.

-Kva planar har du for staden?

-Mange, slår Joakim fast, og røper at han har fleire kokkar som vil hjelpa til med idemyldring.

-Eg tenkjer me skal ha kveldsarrangement, matkurs, bursdagar, konfirmasjonar og bryllup, seier han.

I hovedhuset er det plass til overnatting for rundt 20 personar, og Joakim tenkjer seg «Bed and Breakfast» er ein mulighet. Han viser oss rundt i huset med tre stover, og fleire soverom.

-Her kan me også ha mindre selskap, seier han.

Koseleg og nostalgisk i hovedhuset.

Glad for ny aktivitet

Det er romsleg kjellar, men foreløpig har han ikkje bestemt kva den kan nyttast til. Naust høyrer også med.

-Der kan me ha fisk- og skalldyrmiddag for mindre selskap, opplyser han.

Eit uthus mura av gråstein høyrer også med, med ei stor grue. Her kan me røykja både fisk og kjøt, mens gjestene blir trakterte rundt bordet, seier han.

-Det er kjekt at det kjem ny aktivitet her, seier Jorunn Nesvik Øglænd til Joakim og kona Eppril.

I løa finst det også kjøkken, og i det som ein gong var hevdaskuten drøymer han om å gjera den om til pub.

-Eg såg på plassen første gong i 2019, og spurde også om å få leiga staden. Men eigarane ville selja, og nå har det heldigvis gått i orden, seier Bygdakokken Joakim Moberg Wiborg.

Det er Jorunn Nesvik Øglænd og mannen Karsten Øglænd som sel til Joakim.

-Me har lagt ned mange timar her i desse lokala, og det er veldig kjekt at det nå kjem ny virksomhet i Sjernarøytunet, seier Jorunn Nesvik Øglænd.

Publisert: