Torsdag 25. mai klokka 12.00 sender Ryfylkealliansen direkte frå Folkets Hus i Sauda. Der skal ni lag med åttandeklassingar konkurrere i den årlege Ryfylkequiz-finalen.

Frå Finnøy kommunedel stiller eit lag frå Finnøy skule med Noah Østhus, Maren Spanne og Marie Reilstad. Dei fekk nest beste poengsum av samtlege skulelag under utslagsrunden tidlegare i vår og reiser til Sauda med gode sjanser.

– Elevane har verkeleg øvd, kniva seg vidare frå spennande skulefinalar og kjem nå nervøse til TV-studio i Folkets Hus i Sauda og skal ausa av sin ryfylkekunnskap for alle, skriv Ryfylkealliansen i ei pressemelding.

Eit spørsmål i utslagsrunden var på kva for ei øy Utstein kloster ligg. Svaret er ikkje Mosterøy, men Klosterøy, så allereie der hadde nokon og ein kvar gått på ei skrape.

Arrangøren lokkar med heider og ære og solide pengepremiar frå Hjelmeland Sparebank.

Rennesøy kommunedel har valgt å ikkje delta.