Rennesøy har meir på ønskelista: – Det hjelper ikkje med gratis buss viss bussen ikkje går
Rennesøy ønskjer seg både gang- og sykkelvegar, bysyklar og ladestasjonar.
Måndag kom gladmeldinga om at Stavanger kommune gjer all kollektivtrafikk gratis for eigne innbyggjarar. Dagen etter var det møte i Rennesøy kommunedelsutvalg, utan hallelujastemning å spore over at rennesøybuane snart kan køyre buss utan å måtte betale til og frå byen.
– Det hjelper ikkje med gratis buss viss bussen ikkje går, sa Tor Nestande (SV), som sjølv bur på Sørbø nord på Rennesøy.
Han er for øvrig på flyttefot til byen og hadde sitt siste møte i kommunedelsutvalet.
Gratisparadokset
Rennesøy har større utfordringar enn prisen på bussbilletten, kom det fram.
– Eg er ikkje imot gratis buss, men hovudsaka for oss må vere å få fleire avgangar, sa Roy Sokn Adsen (Ap):
– Gratis buss gir òg eit stort paradoks. Busselskapets einaste muligheit for auka inntening blir å køyre slik at færrast mulig tek buss, slik at slitasjen på bussane blir minst mulig.
Andre kommenterte at viss du er på arbeid i byen og ikkje rekker fembussen, så held det ikkje at du må vente til klokka åtte på neste buss. Då køyrer du heller bil.
Den desentraliserte busetjinga på Rennesøy gjer det vanskeleg å nå alle med buss. Då utvalet diskuterte «tiltak for mer miljøvennleg transport» var det andre ting enn buss dei bruka mest tid på.
Fleire ladestasjonar
Etter forslag frå Karin Imsland (Ap) og Jostein Eiane (KrF) vedtok utvalet einstemmig:
«Rennesøy og Finnøy er kommunedelar med øyar og fleire mindre senter. Det er også dårleg offentleg kollektivtilbod i delar av desse to kommunedelane.»
Utvalet ber kommunedirektøren undersøke muligheiten for følgjande:
- Få bysyklar med ladestasjonar
- Etablere fleire ladestasjonar til elbilar
- Få til ordningar for bildeling
Vidare i vedtaket står det:
«Rennesøy kommunedelsutval vil peike på Bergjekrossen ved Rennesøy brannstasjon og skuleområdet i Vikevåg og området ved Sokn busstasjon som framtidige lokasjonar for bysyklar med ladestasjonar.»
Delte øyar
Dagens ladestasjonar i Vikevåk er berre for kommunens tenestebilar. Dei stasjonane er det kø for å bruke, orienterte koordinator Tina Nådland på innbyggartorget under møtet.
Eit anna paradoks med gratis kollektivtransport er at det truleg blir færre finnøybuar som nå vil ta turen gjennom Rennesøy. Fleire vil heller ta hurtigbåten.
Frå før er det ingen kollektivtransport mellom Judaberg og Vikevåg, og dette har nokon meint det bør rettast på. Eit forslag om ekspressbuss mellom Judaberg og Stavanger har vore framme, men så langt har det blitt forkasta, går det fram av sakspapira til saka «Status Mobilitet 2022 – tiltak for mer miljøvennleg transport».
Saka skal vidare til Stavanger formannskap 31. august.