– Eggsalet går veldig bra, seier bonde Krister Høie på Rennaren gård.

Medan det ved inngongen til påska blir meldt om eggmangel her i landet, er det plenty i den sjølvbetente bua langs vegen forbi Rennaren på Rennesøy.

– Me set opp egg om morgonen, og så betalar folk med Vipps. Erfaringa frå tidlegare er at det er lite svinn, seier Høie.

I år har han flytta utsalet nærare opp mot hovudvegen, så han er spent på å sjå korleis det går.

Rennaren gård har full konsesjon på verpehøner, det vil sei 7500 stykk der 96 til 98 prosent verpar eit nytt egg kvar dag.

Kart som viser Rennaren gård: