1500 fleire reiser med hurtigbåten
Det har vore oppgang i talet på reisande med hurtigbåten i januar og februar.
FINNØY: I januar var det 19 prosent fleire reisande, mens det i februar var ein oppgang på 15 prosent for alle hurtigbåtrutene
I forhold til på same tid i fjor reiste det snautt 1500 fleire som reiste med hurtigbåten i Ryfylke.
Fylkestinget har vedteke at utsleppa frå hurtigbåtane skal reduserast med 50–55 prosent innan 2030. Ifølge fylket betyr det at ruter må justerast.
For hurtigbåtane må det gjerast større grep ettersom batteria på hurtigbåtane er mindre og farten er høgare.
Dette medfører eit større behov for lading i løpet av dagen. Når hurtigbåten «Medstraum» blei sett i drift måtte ruteplanen tilpassast nødvendig lading.
Rutetabellane for hurtigbåt i Ryfylke tek utgangspunkt i dagens drift, altså med diesel. For å leggja til rette for ei anna type energikjelde, er det difor nødvendig å akseptera avvik frå den vedtekne ruteplanen, viss det blir nullutsleppsbåtar.
I dei fleste tilfella kan dagens ruter oppretthaldast, men med avvik på
rutetider. For enkelte avgangar må anløp og avgang forskyvast for at det skal vera mulig å drifta ruteopplegget med dagens nullutsleppsteknologi.
I konkurransen for hurtigbåtar i Ryfylke er det nødvendig å akseptera avvik på anløp og avgang på inntil 15 minuttar for at tilbydarane skulle kunna tilby nullutslippsfartøy.
Utfordringa med tilpassing til rutetabellen er større for hurtigbåt enn for ferjer, ettersom batteristorleiken er meir kritisk for hurtigbåtene. For ferjene er
ikkje vekta av batteria kritisk ettersom farten er relativt låg. For hurtigbåtar er vekt på batteria avgjerande for å kunna oppretthalda ynskt fart. Dette medfører at fartøy må ha tid til lading, heiter det frå fylket.