Ragnhild Valand synest at nettsida er enkel å bruke. Foto: Silje Talgø Klakegg

Nettsida du då må gå inn på, er denne.

Finnøy frivilligsentral er blant dei som allereie har tatt i bruk nettsida.

– Me legg ut alle aktivitetane våre i Friskus, fortel leiar i frivilligsentralen, Ragnhild Valand, til Øyposten:

– Invitasjonen til «Ut og ete 60+» ligg ute, og for første gang har eg tatt med påmeldingsknapp. Det blir spennande å sjå om nokon vil prøve den.

Valand oppfordrar alle lag og organisasjonar til å melde seg som arrangør og nytte nettsida. Både kyrkja og biblioteket på Finnøy har lagt ut arrangement.

Ho fortel vidare at alle organisasjonar som vil nytte moglegheita, sjekkast opp mot Brønnøysundregistera før dei blir godkjent, og derfor kan dette ta litt tid.

– Men det er lett å bruke systemet når ein først er i gang, seier Valand.

Ho poengterer at aktivitetskalenderen berre har ein verdi viss folk flest nyttar han.

Du kan avgrense til kommunedel når du går inn på stavanger.friskus.com, og dermed vil berre arrangement som er i nærleiken vise. I tillegg er det ein søkefunksjon der du kan søke etter arrangement frå spesifikke lag.

– Legg nettsida som ein snarveg på mobilen, så blir ho enkel å nytte, avsluttar Valand.

Journalisten registrerer at det er lagt inn både bridgekveldar og sosiale møte på dei andre kommunedelane, så det finst mange moglegheiter for å finne noko å gjere ein dag du kjenner behovet for å vere sosial.