Det ligg an til storfest på Helgøysund 17. mai
Ein ny bar sprengt ut i fjellet er under opparbeiding og vil vera ein del av underhaldninga på nasjonaldagen.
– Dette trur me kan bli veldig bra og jobbar for tida på spreng for å bli ferdig til 17. mai, fortel Daniel Nedrebø Gjertsen, som er fjerde generasjon i familiebedrifta.
Han har fjerna åtte hengarlass med stein frå fjellet, alt med hand.
– Det blir ein skikkeleg kul bar i fjellet med plass til to tappetårn, to kjøleskap og alt anna ein «forrektige» bar krev, fortel Daniel.
Han fortel at det vil bli nokre overraskingar i løpet av dagen, men ikkje kva dei består i.
– Men, eg kan lova alle bilentusiastar ei fantastisk oppleving. Lexus kjem og skal presentera ei fin samling bilar, blant anna flaggskipet RZ450, som er ein heilelektrisk luksus-SUV.
– Denne bilen har berre vore presentert på ein eller kanskje to stader i Norge hittil, så at den kjem til oss i 17-mai helga, tykkjer me er ganske stort.
Artisten Goggen frå Sandnes legg opp til eit musikalsk program med høg allsong-faktor.
Dørene opnar klokka 1830 og billettar kan kjøpast på goticket.