Bil- og båtdag på Judaberg
Laurdag 6. mai inviterer Coop’en på Finnøy og Øyposten til bil- og båtdag på Judaberg.
FINNØY: -Me trur at dette kan bli eit trekkplaster for folk frå øyane, og ein kjekk dag på Judaberg-kaien, seier Coop-sjefen, Per Ove Rosland og Sveinung Tou frå Øyposten.
RSA Bil Forus stiller med Zuzuki-bilar, inklusiv elektriske og 4x4 plug-in hybrid. Dessutan kjem Stavanger Bådsenter og viser fram nokre av båtmodellane sine. Coop’en stiller med gratis is så lenge lageret rekk.
Øyposten deler ut gratis aviser, og det blir også mulighet for å helsa på den nye redaktøren i avisa, Sigbjørn Høidalen.