Tilsette på landbrukskontoret skal ut frå kontora
Landbrukssjef Geir Helge Rygg ynskjer at tilsette på landbrukskontoret skal vera meir tilgjengeleg. På Rennesøy blir det arrangert Drop In eit par gonger i månaden.
FINNØY-RENNESØY: -Det har vore tre bønder innom i dag. Det er veldig kjekt, seier landbrukssjefen i Stavanger.
Det var landbruksrealterte ting dei ville ha hjelp med.
-Me kan hjelpa med å finna fram søknadsskjema, og forklara prosedyrar, legg Rygg til.
Han reknar med å vera i det gamle kommunehuset på Rennesøy eit par gonger i månaden. Neste gong han er der er fredag 9. desember , heile dagen.
-Me sit litt innelåst på kontora våre på Finnøy. Difor ynskjer eg at me skal vera meir tilgjengeleg, og vera representert nede i Innbyggartorget på Finnøy, seier Geir Helge Rygg.