Lysløypa i Teigen åpna med løp, vafler og pølser

Tysdag blei lysa i siste del av lysløypa i Finnøys turområde Teigen slått på. Begivenheten blei feira med barneløp, pølsespising og vaffelkakesteiking.

Det var trangt rundt vaffel- og saftbordet til Joanna Mowinska og Øystein Ekeland under åpninga av lysløypa.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Det er blitt veldig flott i Teigen nå, er både Johan Bull-Njaa og kona Frida enige om.

-Det er glimrande kva som er gjort her, legg dei til.

Også Oddvar Spanne, som flytta til Finnøy for eit par år sidan synes det er blitt eit kjempeflott i turområdet.

-Eg går jamnleg tur her, seier han.

Trolsk stemning i skumringa i Teigen.

Michaela Stevcatova, opphavleg frå Slovakia, men nå busett på Finnøy er ute for å lufta dei fire hundane sine; tre shetland sheepdog og ein av blandingsrase, som er 14 år gammal.

Ho synes også det er flott at det er blitt lys i Teigen.

Ingen vaffel er for stor for liten munn. Alfred (5) kosar seg med nysteikt vaffelkake.

Fint med lys i mørketida

-Det blir så tidleg mørkt her, og då er det bra at det er lys. Det er heller ikkje så mange andre stader å gå tur på Finnøy enn her, seier Stevcatova, som går tur i Teigen mest kvar dag.

Det var primus motor for Teigens Venner, Arild Flesjå, som først hadde ordet under den offisielle åpninga. Lysløypa er bygd ut etappevis, i fire omgangar, og den siste biten er 750 meter lang. Totalt er det nå 2,3 kilometer lysløype med 70 lysmaster.

Kommunen har spytta inn 1,2 millionar i prosjektet, men ifølge Flesjå vil kommunen sleppa frå det praktisk talt gratis når tippemidlar og rabattar blir rekna inn.

-Fantastisk det som er gjort her, er både Johan Bull-Njaa (t.v.), kona Frida og Oddvar Spanne enige om.
-Fint med lys når det blir så tidleg mørkt, seier Michaela Stevcatova, som er ute og luftar hundane sine i Teigen.

Takka lokalpolitikarar

Han retta også ein stor takk til leiar og nestleiar i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland og Jon Olav Runestad, som hadde klart å skaffa pengar til prosjektet. I tillegg til at lysløypa nå er ferdig utbygd, har også Stavanger kommune asfaltert vegen opp til Teigen. Det blei gjort for ei god veke sidan. Dessutan har Arild Flesjå reinska opp i fleire bekker, som nå klukkar idyllisk i turområdet.

Sjølve den høgtidelege åpninga føregjekk ved at Margrete Foldøy slo på brytaren, slik at den siste delen av lysløypa fekk lys.

Margrete Foldøy fekk æra av å skru på lysbrytaren som ga straum til lampane i siste del av lysløypa.

Lys frå skumring til klokka 23

Ifølge Arild Flesjå blir lysa slått på i skumringa, og står på til klokka 23 om kvelden.

-Etter det er det ikkje så mange som brukar Teigen. Dessutan må me ta hensyn til naboar som har trafikken til Teigen forbi husa sine, legg Arild Flesjå til.

Etterpå den offisielle åpninga var det barne- og vaksenløp, med rundt 30 påmelde.

Futt og fart under barneløpet i Teigen, som markerte åpninga av lysløypa.
Publisert: