Randabergbu skal leia frivilligheten i Rennesøy

Kim Tysse Ingebrigtsen (35) er tilsett som ny leiar for frivilligssentralen i Rennesøy. Han overtek jobben etter Bjørg Vestbø frå årsskiftet.

Kim Tysse Ingebrigtsen blir den nye leiaren av frivilligsentralen i Rennesøy.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Det var 12 søkjarar til stillinga, og valet fall på Kim Tysse Ingebrigtsen. Han er i dag prosjektleiar i Midtre Hålogaland Friluftsråd, men bur i Randaberg. Opphavleg er han frå Narvik.

– Eg gledar me til å begynna i stillinga, det blir spennande, seier Ingebrigtsen til Øyposten.

-Kvifor søkte du på jobben?

-Frivillige organisasjonar har ei veldig viktig rolle å spela i samfunnet, som eg ser fram til å vera med på å utvikla vidare, svarar Ingebrigtsen.

Ifølge Atle Melangen, seksjonssjef for frivillighet i Stavanger kommune, blei Ingebrigtsen vurdert som den best kvalifiserte av søkarane.

-Han har brei erfaring frå å samarbeida med frivillige organisasjonar, har jobba med friluftsliv og har idrettsfagleg bakgrunn. Av utdanning har han studert statsvitenskap. Han er med andre ord ein person me ser fram til å få i stillinga, seier Melangen.