Kakesjefar i sving: Kristine Skavland (t.v.) og Lina Vårdal. Foto: Rune Nedrebø

TALGJE: Kakebordet bugna, det var salat og mykje annan god mat under Talgjedagen som gjekk av stabelen laurdag.

-Maten er heilt fantastisk, seier Anne-Hilde Flatland Meling. Øyposten treff henne og familien inne på bedehus, kor det var rigga til med bord og stolar som folk benka seg rundt.

Det var bedehuset som hadde ansvaret for maten, og hadde tatt oppgåva si på stort alvor. På grunn av pandemien er det tre år sidan sist Talgjedag.

Paul Østebø viser Berner Meling bileta han tok i forbindelse med gjennomslaget og åpninga av tunnelen til Talgje. -Det var ein stor dag, er dei enige om. Foto: Rune Nedrebø
Grendalaget på Talgje baud på gamle plakatar frå skulen. Her viser Bergljot Kvernenes fram nokre fine eksemplarer. Foto: Rune Nedrebø

Største hendinga sidan kyrkja blei bygd

Inne i grendahuset var det godt med utstillarar, og mellom anna hadde Paul Østebø ordna med tv-skjerm kor han mellom anna viste nostalgiske bilete av den siste salven som åpna Talgjetunnelen. Den siste ferja var også foreviga.

-Ingen saknar ferja lenger, er Østebø og Berner Meling enige om. Åpninga bana vegen for store endringar på øya, som nå har 279 fastbuande, noko som er bortimot ei dobling i forhold til før tunnelen.

-Det er veld det største som har hendt her sidan kyrkja blei bygd, seier Meling.

Berner Meling har også merka seg at det nå blir teke til orde for å splitta opp Øyfast.

-Det trur eg er ein god ide, viss Øyfast blir bygd ut etappevis er det håp, seier Meling optimistisk, og gir samstundes honnør til Daniel Nedrebø for å ha stått på for samferdsla i øyane.

-Eg har stor sans for han, og han har eit stor kontaktnett, slår talgjebuen fast.

Christoffer Østebø hadde mykje flott trearbeid å selja. Foto: Rune Nedrebø

Gamle plakatar til sals

Lenger inne i salen byd grendalaget på Talgje fram gamle plakatar frå skulen på Talgje. Her er både dyr, planter og historiske teikningar. Dei blei funne på loftet på skulen.

-Lag og organisasjonar på øya har fått plukka det dei ville ha, resten sel me til inntekt for grendalaget, opplyser Bergljot Kvernenes.

Eilef Gard er blant dei som har sikra seg nokre eksemplarer.

-Eg hugsar plakatane godt frå då eg gjekk på skulen på Talgje, seier Gard. Han hadde Johan Hovda som lærar til 5. klasse, og meiner bestemt at det er skrifta til den kjente læraren som er på fleire av plakatane.

-Han var veldig god å fortelja, og var svært opptatt av norgeshistoria, minnest Eilef Gard.

Eilef Gard hugsar godt plakatane frå då han gjekk på skulen på Talgje. Foto: Rune Nedrebø

Litt råd og vink om korleis leva sunt kunne du også få på Talgjedagen. Mette Lund Larsen, som driv ernæringsklinikken på Talgje, hadde mellom anna skore opp seks kneipbrødskiver, kor folk kunne tippa kor mange t-skeier sukker dei inneheldt.

Svaret er overraskande nok heile 20.

-Ved å gå over til frøbaserte produkt eller proteinbrød kan du førebyggja både diabetes, høgt blodtrykk og hjerte- og karsjukdommar, slår Lund Larsen fast.

Bjørg Haugen Østebø med ei flott veske ho har laga av putevar frå Gjenbruken i Vikevåg. Foto: Rune Nedrebø
Mette Lund Larsen hadde stilt ut brødskiver, kor folk kunne tippa kor mykje sukker dei inneheldt. Svaret var ganske overraskande. Foto: Rune Nedrebø