Laurdag blir det stor fest i Fleirbrukshallen
Fleirbrukshallen er 20 år i år, og laurdag er det klart for stor fest i hallen.
FINNØY: -Me håpar mange vil stikka innom på dagen. Då er det open hall og stor marsipankake spandert av Coop’en, opplyser leiar i styret, Arild Flesjå til Øyposten.
Om dagen blir det åpen klatrevegg og mange andre aktivitetar. Dessutan skal husflidslaget på Finnøy visa fram aktivitetane sine.
Også programmet om kvelden er nå klart, og konfransierar blir Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid. Det blir full middag med dessert, og musikkorpset på øya skal spela.
Det blir også andre musikkalske innslag, mellom anna visa «draumen og Fleirbrukshallen» som blei skriven til ein revy før hallen blei bygd.
Det blir aerobic-oppvising på scena med Tor Øyvind Skeiseid og Arne Nordbø med på laget, og dei to skal også ha eit skråblikk på hallen og aktivitetane der.
Marit Vignes skal halda kåseri, mens Arild Flesjå skal halda talen for dagen. På veggen vil bilete frå byggeperioden bli viste, og heile festen blir avslutta med ein quiz frå 2003 då bygginga av hallen begynte.