Grunneigarar kan få støtte til turstiar

Nå kan grunneigarar som legg til rette for turstiar på eigedommane sine, få støtte frå kommunen.

Godt merka turveg på Sør-Bokn.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Kommune har øyremerke 500.000 kroner til tilrettelegging for natur og friluftsliv på privat grunn. Ordninga gjeld også for utmark.

Vinn-vinn

– Eg tykkjer dette er ei svært god ordning, og ein vinn-vinn situasjon for turfolket og grunneigarane. Det kan visa at grunneigarane ser verdien av å halda kulturlandskapet åpent, og ivareta det gjennom at det blir brukt, seier landrukssjef i kommunen Geir Helge Rygg til Øyposten.

Landbrukssjef Geir Helge Rygg.

Når løypene er merka blir ferdselen styrt på ein betre måte, fordi dei fleste held seg på stiane, meiner Rygg.

- Då er det også lettare for fleire å komma seg ut på tur med merka og godt opparbeidde løyper. Pengane som kommunen tilbyr er meint som eit tillegg til støtta som blir gitt frå regionalt miljøprogram, som berre er støtte til turstiar på innmark, opplyser landbrukssjefen.

Kommunen sett følgjande vilkår for utbetaling av tilskot:

  • Grunneigar må ha inngått avtale med kommunen med minimum 10 års varigheit. Det er mogleg å søka sjølv om du ikkje har inngått avtale, då kan kommunen få på plass ein avtale før tilskotet betalast ut.
  • Turstien skal vera godt merka og eventuelt skilta i terrenget.
  • Turstien skal vera open og tilgjengeleg.
  • Kart og turskildring skal kunne leggjast ut på kommunen sine nettsider.
  • Detblir gitt årleg tilskot, men det må søkjast kvart år. Utbetaling vil avhenga av kor mange søknader som kjem inn.
  • Søknadsfristen er 1. november
Eig du ein eigedom på Ombo, Rennesøy og Finnøy og har tidlegare inngått avtale om tursti med den tidlegare kommunen, gjeld den same avtalen med Stavanger kommune.