Finnøy vil ha leikeplassar slik at dei passar for alle aldersgrupper

Lokalpolitikarane i Finnøy vil ha plassert utandørs treningsapparater på leikeplassar, slik at dei blir oppfatta «tilgjengelig for alle».

Lokalpolitikarane i Finnøy ynskjer leikeplassar som blir oppfatta tilgjengeleg for alle, også eldre.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Det var under diskusjonen om den nye strategien for leikeplassar i Stavanger, at forslaget kom opp og blei samrøystes vedteke.

Ottar Sandanger (ap) meinte at leikeplassar var i ferd med å gå ut på dato, og at det heller burde kallast aktivitetsparkar kor også eldre fekk plass. Han viste til Fogn som eit godt eksempel kor både barn, foreldre og jamvel besteforeldre kosar seg og det er «full fart».

Lokalpolitikarane i Finnøy vil ha naturlege leikeplassar ute i naturen, for fri leik i naturlege forhold er ofte det barn og vaksne set mest pris på.

Kommunedelsutvalet meiner dessutan at det er ynskjeleg at fleire kan få ta del i det vakre landskapet i øyane. Difor er det viktig med tilrettelling.

«Det er viktig at bruk av naturen legges til grunn for planlegging av lekeplasser der dette er mulig fra naturens side. Finnøy kommunedelsutvalg vil peke på noen områder som kunne vært utviklet videre:

1. Lekeområde ift skole og grendehus på Eidssund.
2. Lekeområde i forbindelse med planlagt lysløype på Halsnøy. Her har også Turboklubben base med gapahuk.
3. Utvikle Robin Hood skogen på Fogn videre.
4. Bruke noe av det nye arealet til Teigen til naturlekeplasser med ulike balanselinjer og hinder.
5. Utendørs treningsapparater for alle aldre slik at lekeplasser blir oppfattet tilgjengelig for alle».