FINNØY: Børge Salte bur på Haugland i Time kommune på Jæren. Kvar morgon, frå måndag til torsdag, står han opp halv fem for å køyra den lange vegen til Judaberg på Finnøy.

Der jobbar han som betongarbeidar i Norrøn Betong, som er i gang med å byggja det nye tilbygget til sjukeheimen på Finnøy. Arbeidsdagen er slutt halv fem, og då er han heime igjen klokka seks.

-Då får eg meg litt mat, og er ute og ser om grisene mine. Etterpå tek eg ein kikk i Jærbladet, seier Salte til Øyposten.

Avløysar på seks gardar

Børge Salte har stått på og jobba sidan han var i tenåra. Han var avløysar på seks garadar i nabolaget, har jobba i kyllingfarmen til Steinsland i Time og har jobba som håndmann for ein kar med gravemaskin.

Salte har gard på Haugland, kor han i tillegg til jobben som betongarbeidar produserer 1000 slaktegrtiser i året.

-Griseprodusentane har fått litt pepar i det siste?

-Mattilsynet har vore og kikka hos meg, og dei var svært nøgde. Grisene mine har det veldig bra, og økonomien i griseproduksjon er akkurat nå heller ikkje så aller verst, opplyser Salte.

For 20 år sidan fekk han seg jobb i det som då var Kvia Betong.

-Etter konkursen i selskapet gjekk eg ledig i ein månads tid, og lurte på om eg ville få jobb igjen. Men heldigvis fekk eg det, for eg trivst ikkje med å sitja i ro, seier den spreke jærbuen.

Børge Salte er ofte å finna på Thime Station i helgene, der den spreke jærbuen svingar seg på dansegolvet saman med damene der. Foto: Rune Nedrebø

Verdifull mann

Arbeidsleiar Martin Tendenes i Norrøn Betong syns dei er heldige som har fått Salte med på laget.

-Han er hjarteleg velkommen med på arbeidslaget. Det er ein mann med lang erfaring og solid kompetanse, som er svært verdifull for oss, seier Tendenes.

Børge Salte har god helse og synes det er kjekt å jobba saman med kollegaene i Norrøn Betong.

-Det er ein triveleg gjeng, seier han.

Svingar seg på dansegolvet

For eit par år sidan fekk Børge Salte nye hofter, og nå er det i alle fall ingen ting i vegen for at han kan jobba vidare.

-Kor lenge ser du for deg at du skal stå i jobben?

-Så lenge eg ikkje blir jaga heim, vil eg halda fram, seier han.

Børge Salte er heller ikkje typen som likar seg best i sofaen heime i helgene. Då er han ofte å treffa på i baren på Thime Station på Bryne.

-Der er det som regel god gang, og så treff eg mange kjente som eg kan drøsa med, seier ungkaren frå Haugland.

På Thime Station er det både levande musikk og karaoke, og då kjem dei nye hoftene til sin rett. For Salte er ikkje sein om å ta steget ut på dansegolvet når musikken spelar opp.

-Det er nok av damer som gjerne vil dansa, seier han.

-Får du nokon med deg heim då?

-Det er noko me ikkje snakkar høgt om, seier sprekingen frå Jæren med eit lurt glimt i auga.