Ottar Sandanger har god kontroll på organiseringa av årets TV-aksjon Foto: Oddvar Vignes

Ottar Sandanger frå Fogn er ansvarleg for TV-aksjonen i Finnøy kommunedel. Han stressar ikkje.

– Me er godt i gang med førebuingane til aksjonen. Målet er at alle husstandane skal får besøk av bøsseberarar på søndag. Eg har gode hjelparar så eg slepp å arbeide åleine med dette, og me har planar for aksjonen på alle øyane, fortel han.

– Viss nokon har lyst til å bidra med noko, til dømes med å gå med bøsse på søndag, er det berre å ta kontakt med meg, seier Sandanger.

På Rennesøy har TV-aksjonsleiar Terje Øvrebø også full kontroll.

– Tradisjonen tro, er det 5.-klassingane med foreldre som går med bøsser hjå oss, seier han til Øyposten.

– Når dei kjem tilbake med bøssene etter å ha gått runden sin, vil dei få bollar og saft. Det som er fint ved å nytte denne strategien for å få tak i bøssebærarar, er at me aldri manglar folk til å gå.

Øvrebø fortel at dei som ikkje har kontantar når bøssebærarane kjem rundt, kan skanne QR-koden på bøssa for å finne ein måte å gi digitalt.

– Då blir pengane registrert på denne bøssa og riktig kommunedel, seier han.

Han meiner at pengane går til ein god sak i år, og vonar at folk vil vere heime og gi villig på søndag etter klokka 15.

Årets mål

Pengane til årets TV-aksjon går blant anna til:

  • å gi barn moglegheita til å gå på skolen

  • å gjenforeine barn med familien de har komne bort frå

  • å støtte tidlegare barnesoldatar

  • trygge leikeområde der barn kan utfolde seg

  • hjelp til å handtere vonde opplevingar

  • at barn som har flykta til Norge, får ei aktiv fritid

Pengane fordelast mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Norge.

TV-aksjonen

TV-aksjonen har vore ein fast tradisjon sidan 1974, og eigast av NRK. Aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon målt i innsamla middel per hovud og antal frivillige.

I tillegg til bøsseinnsamlinga kjem det inn bidrag og gåver frå kommunar, samarbeidspartnarar, næringsliv, organisasjonar, kyrkjelydar, skular og barnehagar. Givarar kan gi sitt bidrag via Vipps, SMS, overføring til konto, faktura og kort.