Marita Molven Handeland gler seg til å sjå deg på sytreff. Måndag 16. oktober klokka 18.30 pakkar ho syrommet med seg og møter deg på biblioteket for å sy saman. Sosialt og kjekt for dei som likar å sy. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Det svarar til på ein måte strikkekafé, men for oss som syr. Her kan du møte andre som likar å sy, og me kan inspirere kvarandre, fortel Molven.

Det har vore varierande oppmøte på tidlegare sytreff, men ho vonar at fleire vil kome innom.

– Har du ikkje symaskin, er det ingen hindring, seier ho.

– Biblioteket har gode maskinar som du kan låne, men det kan vere lurt å ta med stoff sjølv. Elles er alt utstyr tilgjengeleg her hjå oss.

Molven fortel at deltakarane har vore frå barneskuleelevar til godt vaksne, og alle er velkomne.

– Men det er fint å vere litt sjølvhjelpen med symaskinen. Står du fast på eit prosjekt, kan du sjølvsagt få hjelp, men målet med sytreffet er mest å treffe folk med interesse for saum, seier ho.