Etter gullskattfunnet: Foreslår utstilling i Vikevåg
Miljøutvalsleiar Rune Askeland meiner det er på tide å løfte fram Rennesøy si historie.
– Eg les i Øyposten om det fantastiske funnet på Rennesøy, seier leiar Rune Askeland (MDG) i utval for miljø og utbygging i Stavanger kommune.
Søndag 27. august fann ein mann med metalldetektor over 100 gram med diverse gullsmykker graven ned i beitemark på Rennesøy. Smykka er frå kring 500 år etter Kristus, det vil sei frå folkevandringstida, og funnet blir av Arkeologisk museum i Stavanger skildra som uvanleg i skandinavisk samanheng.
Askeland er begeistra, og han har frå før latt seg fasinere av andre historiske funn i Rennesøy:
– Eg har tidlegare kjempa for å få fram helleristningsfelta på Austre Åmøy, der me har Nordens største samling av båtfigurar frå steinaldaren. Me har òg jobba med å ta vare på militærhistoria kring Fjøløy fort.
Han minner vidare om at Harald Hårfagre skal ha budd på Utstein før slaget ved Hafrsfjord, slaget som samla Norge og som populært er datert til år 872.
Øyposten kan legge til funna på Galta kring 1990, då det blei graven fram over 17.000 gjenstandar som dokumenterar ein av dei første buplassane i Sør-Norge etter istida.
Med funnet av gullskatten meiner Askeland det er på tide å løfte fram lokalhistoria.
– Til neste møte i utval for miljø og utbygging vil eg høyre om det er mulig å avsette noko areal i det nye bygget som er planlagt i Vikevåg sentrum til utstilling av historia frå Rennesøy. Eller kanskje det er andre muligheiter for å løfte fram Rennesøy som turistdestinasjon?
Han har tidlegare vore med i diskusjonar om å bygge eit vikingsenter ved Hafrsfjord mellom Sola og Stavanger.
– Personleg vil eg heller bruke pengane ute i øyane der mykje av den eldste historia beviseleg skjedde, seier Askeland.