Helgøy ferjekai blir stengd for vedlikehald frå måndag 29. april til laurdag 4. mai, melder Rogaland fylkeskommune.

Frå og med måndag klokka 05.30 til natt til laurdag klokka 00.45 blir ferjene til og frå Sjernarøy omdirigert til Nesheim på Bjergøy.

– Me har fått meldingar om enkelte bilar som kjem i kontakt med bakken når dei køyrer av og på ferja. No reparerer me ferjelemmen slik at dette ikkje skjer, seier byggeleiar Håkon Odland i Rogaland fylkeskommune.

Ingen ferjeavgangar blir kansellerte.

Hurtigbåtane går til og frå Helgøy som normalt.

Kart som viser reservekaien på Nesheim: