RENNESØY:

Den årlege temakonserten går av stabelen 13.mars i Mastrahuset, og er via temaet livet i sjøen.,

Undervannsfotograf og korpsmedlem Kolbjørn Fikse har teke unike bilete av livet i havet som skal visast på storskjerm under konserten. Også songane skal på ein eller annan måte knytast til noko som har med sjø/hav å gjera.

- Eg trur dette kan bli veldig bra, også sett i lys av fokuset på klima og miljø. Det er utruleg proffe og fargerike bilete som er tekne i sjøen utanfor øyane i Rennesøy. Og i tillegg akkompagnert med passande musikk, trur eg dette kan vera interessante for mange.

Spesielt vil ho oppmoda medlemmane i korpset på Finnøy til å komma.

- Det hadde vore kjekt om me på litt sikt kan få til eit samarbeid

Tidlegare år har Rennesøy musikkorps hatt temakonsert med blant anna jazzmusikk, om kattar, Amerika, negro spirituals, bamsar (for born).

Sjå dei undersjøiske bileta til Kolbjørn Fikse i bildegalleriet.