Stor interesse for nettmøte om ny straumkabel

Hittil har 50 personar meldt seg på Lyse sitt informasjonsmøte om ny kraftforsyning i Finnøy fyrstkommande onsdag 9. februar.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Planane for nye kraftlinje mellom Strand, Fogn, Finnøy og Rennesøy.

FINNØY/RENNESØY:

Grunneigarar på Finnøy, Fogn, Rennesøy og Strand som kan bli berørt av den planlagte nye 132kV kraftledningen, er invitert til å komma med innspill til prosjektet. Det vil og bli moglegheit til å komma med innspel om kva som bør utgreiast i den vidare planprosessen. Også grendalaget på Fohn har engasjert seg i saka, og vil vera med på møtet.,

Den planlagte kraftledningen skal syta for nok kapasitet i straumnettet til å dekka næringslivet sitt behov på Finnøy, Rennesøy og i Strand. Elektrifisering av samfunnet aukar forbruket av straum frå utsleppsfri transport, husholdningar, drivhus, fiskeri og anna næringsvirksomhet.

Møtet er ope for alle som vil og du kan melda di interesse på nettsida til prosjektet www.l-nett.no/ utbyggingsprosjekter.