Kjell Bjørn Aaserød ventar spent på den nye stjernekikkerten frå Tyskland, som kan forstørra inntil 660 gonger. |Viss for eksempel kyrkja i Sjernarøyane er interessert, er Kjell Bjørn Aaserød meir enn villig til å gjer skuta «Den norske løve» ferdig.

SJERNARØY: Aaserød, som opphavleg er frå Bærum, har budd saman med familien på Sjernarøy sidan 80-talet. Men då ryggplager og helseproblem gjorde at han måtte pensjonera seg for nokre år sidan, fann han ut at han måtte skaffa seg ein hobby eller to.,

Som sagt så gjort, og nå ventar han spent på den nye stjernekikkerten. Den kan forstørra inntil 660 gonger, og kan programmerast til å fylgja stjerner, planetar og galaksar i forhold til jordrotasjonen. Bileta frå langt der ute kan overførast enten til kamera eller til ein pc.

Kjedelege Venus

For eksempel kan han plotta inn Venus, og sjå planeten klart og tydeleg.

-Men akkurat Venus er ikkje den mest spennande, den er bare grå. Det er 500 grader på overflata og ikkje leveleg. Mest fasinerande er det å sjå på planetar, gasståker kometar og galaksar,  seier Aaserød

-Finst det liv der ute?

-Om det gjer, me er bra dumme viss me trur me er dei einaste levande vesna i det uendelege verdsrommet, slår sjernarøybuen fast, og legg til at me alle har vårt opphav i ei enorm stor stjerne som eksploderte for nokre milliardar år sidan med ein temperatur på 40 millionar grader. Sola og alle planetane våre blei til frå denne gigantiske hendinga.

Det er vinteren som er den beste tida for stjernekikking, for då er det mørkast. Lys forstyrrar utsikten til verdsrommet, og han må trekkja for gardiner og sløkkja utelys. Han har ein hensynsfull nabo som også skrur av utelyset for at han skal få kikka i fred.

Skute for kyrkja?

-Lysa frå drivhusa kan vera ei utfordring. Men akkurat det er trass alt verre for fuglar som er avhengig av å sjå stjernene for å navigera, dei blir heilt forvirra, seier han.

I den velutstyrte snekkerbua i kjellaren held han på å gjera ferdig også ein annan stjernekikkert, som han har bygd heilt sjølv. Dessutan held han på med modellbåt-bygghing. Absolutt ein hobby for fingernemme.

Viss for eksempel kyrkja i Sjernarøyane er interessert, er Kjell Bjørn Aaserød meir enn villig til å gjer skuta «Den norske løve» ferdig. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

I eit siderom står ein staseleg modell av seglskuta «Den norske løve». Skuta begynte han på som 16-åring, og er ikkje heilt ferdig.

-Eg har tumla litt med tanken på om kyrkja ville ha henne i kyrkjerommet. Viss det er interesse for det, ville eg nok gjort henne ferdig, seier Kjell Bjørn Aaserød.