John Hagetrø Gard og kona Ellen Merethe Lohne Gard bestemte seg for å satsa på veksthusnæringa etter eit knallgodt prøveår i fjor. Foto: Privat

TALGJE:

Far, Jostein Gard har blitt pensjonist og gitt stafettpinnen vidare til neste generasjon.,

- Nå som far har blitt pensjonist har han lova å gå ned i 100 prosent stilling, det er betryggande. Verken Ellen Merethe eller eg har særleg mykje erfaring med blomar difor er det godt å ha ein profesjonell med kunnskap og kompetanse å lena seg på, fortel John.

I november i fjor sa han opp jobben i Stavanger Natur- og idrettsservice for å skapa sitt eige levebrød saman med kona i familiegartneriet. Utanom sesongen har John fått seg jobb på «nabogarden» Rampline som produserer aktivitets- og leikeapparat.

Betre plass

- Hadde det ikkje vore for eit fantastisk godt prøveår i fjor, måtte me nok måtte vurdert prosjektet om igjen. Eg trur det må ha vore den beste sesongane nokon gong, sjølv om koronaen sette ein stoppar for alle gruppeturane med buss. Slik sett fekk me ein pangstart på satsinga. Om det skuldast at folk ferierte heime eller gratis bom i Finnfast, det veit eg ikkje. Men for oss blei det i alle fall bra.

Akkurat no er dei i full gang med førebuing av sesongen. Hundrevis av forskjellige sortar og fargar skal på plass og vera klar til sesongopning rundt påsketider. Mange av blomane skal dei driva fram sjølve.

,-

Er det ting som blir annleis i gartneriet no?

- Me bygg litt om slik at det blir betre plass mellom borda. På den måten blir det enklare for barnevogner og rullestolar å ta seg rundt inne i gartneriet. Det er nok det kundane vil merka mest i tillegg. I tillegg blir det variasjon i utvalget frå tidlegare år.