Fognbu på fjernsynet i beste sendetid

ODDA: Kjartan Aano har skapt seg eit levebrød som folk frå heile verda står i kø for å ta del i. På torsdag kan du sjå han og kona Sal på TV2.

Vil du oppleva Woodnest, må du vera tidleg ute. F.v Kjartan Aano, vesle Lily og kona Sal.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

I ei bratt fjellside ovanfor Odda sentrum, med imponerande utsikt over Sørfjorden i Hardanger, ligg Woodnest. To «verdensberømte» tretopphytter, eigde av ekteparet frå Fogn, og teikna av arkitekane Helen og Hard. Hyttene er bygd rundt ein ein enkel, men solid trestamme som går gjennom hyttene, 5 - 6 meter over bakken. Det er det som gjer Woodnest unike i tretopphytte-perspektivet.

Unik

På torsdag kjem eit team frå TV2 til Odda for å laga reportasje frå hyttene. Dei skal omgjer den eine til studio og senda Frokost TV på direkten frå hytta.

– Eigentleg har eg lova meg sjølv at eg aldri meir skal på direktefjernsyn, det har eg gjort ein gong, og det var fælt. Men no har eg komme dit hen at eg tykkjer ikkje det går an å takka nei til ein slik moglegheit. Dette har særdeles stor reklameverdi for oss, seier Kjartan.

Frå heile verda

Sidan hyttene sto ferdige midt under pandemien, har det mest ikkje vore ein ledig dato å oppdriva. Dei er fullbooka eit halvt år fram i tid, både vekedagar og helger. Til og med neste sommar er i ferd med å fyllast opp. Folk kjem frå heile verda for oppleva hyttene og alle moglegheitene området har å by på.

Woodnest er godt dokumentert i bilder og tekst i boka 110 unike overnattinger i Norge, til og med på framsida avboka. Hyttene er også presentert i den nye turistboka til Gunnar Garfors, Vestlandet, Bortom allfarveg, som nyleg kom ut.

Akkurat no er hytte nummer tre og fire under oppstart, og dei blir ikkje mindre unike. Høyr berre: Badekar for to personar med med panser utsikt. Dobbelsenga er innfelt i taket og med eit enklet tastetrykk senkar den seg forsiktig ned i rommet. Og der, sengeliggande og svevande i lause lufta kan gjestene nyta den storslåtte utsikta midt i «ingenmannsland.»