Tettare mellom avgangane betyr færre kunder i kiosken.

- Det er synd at det ikkje lenger er liv laga for kafeen, men ingen kan driva butikk utan kundar, seier byggeleiar for driftskontraktar i Statens Vegvesen, Tor Skårland.,

Etter at ferjene mellom Mortavika og Arsvågen byrja gå tre gonger i timen, forsvann grunnlaget for kioskdrifta.

- Ja, det er nok her det ligg. Avgangane er så tette, det er mest ingen ventetid lenger. Tidlegare, då det var lengre tid mellom avgangane, var omsettinga langt betre fordi dei reisande brukte meir tid på kaia. Dessutan er det kiosk om bord i ferjene der dei reisande får alt dei treng. Behovet for kiosk er ikkje til stades lenger.

- Kva skjer med lokala no?

- Me ynskjer sjølvsagt å leiga ut lokala vidare, det er eit flott bygg på ein flott plass, men førebels er  det ingen konkrete planar. Det nyttar jo ikkje starta kafédrift igjen, så her må me tenka nytt. Men kva det skal vera, det veit me ikkje ennå, seier Skårland.