Drøymer du om kokt, kald makrell med agurksalat? Liten vits i å dra ut på sjøen med dorga nå, han er ikkje på "bede".

FINNØY:

-Me var nordover mot Mjølsnes i dag og dorga mot Talgjeholmane, men det var lite å få. Bare ein og annan som kan kallast makrell, resten var spir. Og det var ikkje så mykje av den heller, seier Sverre Asheim på Judaberg til Øyposten.,

Noko fullgod forklaring på kvifor det er så lite makrell har han ikkje, for Asheim er sikker på at det er makrell i sjøen.

-Det kan vera innsig av kaldare vatn. Det er også mykje smeltevatn i fjorden for tida, noko som også kan ha ein samanheng, seier han.

-Men han kjem igjen?

-Ja, det er eg sikker på. For ein liten månad sidan fekk eg alt eg ville ha, men etter det vore lite. Du må ha tålmodighet og helst leita etter han, seier Sverre Asheim.

Også Tor Bernhard Harestad seier det er lite makrell for tida.

-Det er nok av småmakrell eller spir å få, men større fisk er det ikkje. Men om to-tre veker er han nok tilbake, seier Harestad.

Ivar og Kristian Stang kom frå Yrkjesfjorden til Finnøy nyleg, etter å ha fiska etter makrell sidan 17. mai.

-Nå var det bom stopp, me måtte gi opp, seier dei to.