Kanskje blir det snart nye stunt frå Ryfylke Livsgniste. F. v Svanhild Eggebø Spanne, Silje Vignes Flersjå, Tor Øyvind Skeiseid og Helene Ringen Vestbø. Foto: Kristofer Ryde.

På bakgrunn av koronakrisa har mange born fått endra kvardagen sin, både i forhold til skule og ikkje minst fritid, då store delar av aktivitetstilbodet brått blei vekke. Det politiske fleirtalet i Stavanger kommune vil setta av inntil 30 millionar kroner ekstra til ei storstilt satsing på aktivitetar. Stavanger-born skal få eit aktivitets- og kurstilbod langt utover det ordinære, noko som vil gi frivillige organisasjonar, idrettslag og kulturaktørar gode moglegheiter for auka aktivitet og inntekter.,

Som kjent blei dei tilsette i Ryfylke Livsgnist AS permitterte i forbindelse koronakrisa, og mista såleis alle oppdrag for våren og sommaren. Dermed er dei i gang med å tenka nytt, og med opplevingskonseptet «Open Øy» som er under planlegging, ynskjer Livsgnist no å bli vurdert som medspelar og innhaldsleverandør i denne storsatsinga.

«Open Øy» er eit samarbeid med Ryfylkekokken og skal innehalda aktivitetar, gardsbesøk og matopplevingar. Det blir mellom anna historiske spel i mellomalderkyrkja på Hesby. Vandring med spel og spennande krigshistorie på festninganlegget på Søre Vignes, i tillegg til aktivitetar på staden. Det blir «Slaget om den gyldne Tomat», «Tomato challenge» eller «Ryfylkespelet» og ikkje minst er Ryfylkekokken Frode Selvaag på Søre Vignes med utekjøken/utegrill. Gardsbutikken på Nærland og Sølvsmeden på Finnøy tek imot folk, lam og høner og korleis laga skikkeleg bunadssølv. På ein gard blir det «molketimen» korleis foregår mjølking og stell på ein vanleg gard?