Lokale småskalabedrifter og reiseliv, representert ved Sølvsmeden på Mjølsnes, Kaihuset, Finnøy Blomster & Interiør, Gardsbutikken på Nærland , Ryfylkekokken, Utsyn Ungdomssenter og Vignes Fort i samarbeid med Ryfylke Livsgnist innbyr nemleg til eit heildags aktivitetstilbod  for både vaksne og barn.-Her kan du få oppleva ei "Ei 1000-årsreise frå 1020-2020, gjennom ei dramatisering av Finnøyhistoria i Hesby kyrkje.Då også med eit solid glimt i auga, i fylgje arrangøren. For her dukkar både munken, sysselmannen, prestefrua og mattegeniet Nils Henrik Abel opp. Men også publikum skal bli involvert, lovar dagleg leiar i Ryfylke Livsgnist, Tor Øyvind Skeiseid.,Og dramatiseringa held fram i form av eit 40 minuttars langt vandreteater berre nokre få kilometer lenger sør, når deltakarane seinare inntek "Tyskehålene" og Vignes Fort.,-Her vil både store og små kunne boltra seg ved å delta i både i tomatspretten og vedstabling. Og som om ikkje det var nok, så byr også sjølvaste Ryfylkekokken på ei mektig smakoppleving når han inviterer til å smaka på både kortreist lam, laks og tomat frå utegrillen sin, reklamerer Tor Øyvind. Men i Finnøy og Ryfylke bugnar det også av frukt og bær no utover i august og september. Difor vert det også lova påfyll og sal av lokale og kalde fruktdrikkar.,Heile opplegget er gjort mogeleg gjennom økonomisk støtte frå Innovasjon Norge. Det gjer også sitt til at prisen for å delta er sett lågt, opplyser arrangøren.,-Det burde gi grunnlag for at det også kan dryppa litt på dei flotte lokale småskalabedriftene våre  som, Nærland Gardsutsalg, Sølvsmeden, Kaihuset og Finnøy Blomster & Interiør som har tilhald på gamlekaien på Judaberg, avsluttar Tor Øyvin Skeiseid i Ryfylke Livsgnist.