Arkivfoto: Kokkeduoen Frode Selvaag og Arne Brimi.

Ryfylkemiddagen 2020 skulle vore arrangert på Landahuset 14. mai, for niande året på rad.,

- Det er slik at situasjonen me er inne i, påverkar oss sterkt. Det er stor uvisse om mange ting, og me har venta i det lengste for å sjå om me kunne få det til, men det gjer me altså ikkje. Me tek ansvar og vel å utsetta ryfylkemiddagen. Det sit langt inne å gjera dette for me er visse på at det hadde vore godt å komma saman og skapa matglede rundt borda.

Det er måltidsglede me lever og andar for, me er ikkje kokkar som likar å vera i «bur», me vil møta gjestene og vera saman.

Så snart helsestyresmaktene gir klarsignal, kjem kokketeamet med ny dato.

- Me hadde gleda oss til å visa fram alt det gode regionen har å by på, og drøymer om jordbær frå Kåre, blomkål og nypoteter frå Flesjå, tomatar frå Jan Terje, grønsaker frå Frode på Brimse, ja lista er lang, seier Selvaag/Brimi i ei pressemelding.

Den som ventar på noko godt…….