Steffen Steinsvik frå Finnøy har bestemt seg, og leverer stemmestelen i urna til Bjørnar Svela.|7. klassingar klar til å stemma i det første skulevalget på Sentralskulen.|Emma Grønås forklarer korleis stemmesetlane skal brukast.|Marie Reilstad frå Finnøy leitar gjennom stemmesetlane for å finna "partiet sitt".|Linn Handeland frå Finnøy og Leon Lew Østlund frå Sjernarøy går gjennom innelverte stemmestelar. Dei skal det lagast statistikk av før valgresultatet blir offentleggjort.

FINNØY:

Det er 10. klasse som har ansvaret for å avvikla skulevalget, med god støtte frå lærarane Mari Anne Runestad og Tor Magne Moen.,

Frå Fogn er det henta inn ei stemmeurne, som ber tydeleg preg av både år og alder. Her har det havna tallause stemmesetlar før, og nå er det ungdommane på skulen på Finnøyt sin tur.

-Det er ei fin oppvarming til neste valg om fire år, synes Emma Grønås, 10. klassing frå Fogn.

Saman med Rune Lindanger Håland frå Ombo, Benjamin Bø Rolfsen frå Fogn, Bjørnar Svela frå Finnøy og Emma Victoria Torgersen frå Fogn er dei "valgfunklsjonærar", og ser etter at alt går rett føre seg.

Linn Handeland frå Finnøy og Leon Lew Østlund frå Sjernarøy går gjennom innleverte stemmestelar. Dei skal det lagast statistikk av før valgresultatet blir offentleggjort. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Bare elevar får lov til å vera inne i stemmelokalet, og inne i "det aller heilaste", rommet kor alle partilistenbe ligg, er det kun lov å vera ein om gongen. Når valget er tatt, stemmesetlen fint bretta saman og navnet til veljaren kryssa av på lista,  kan setlen puttast i stemmeurna.

Dagen før, måndag, var det førehandsrøysting, men i dag, tysdag er det forrektige valgdag på skulen.

Emma frå Fogn og Rune frå Ombo synes det er kjekt at det dei får prøva seg på demokrati i peraksis, nemleg å vera med og velja, og ingen av dei synes valget var spesielt vanskeleg.

-Eg stemde på partiet som seier nei til bomnpenger, bompenger er dyrt, seier Rune Lindanger Håland.

-Eg stemde på Ap, for det var det partiet eg var mest enig med når eg tok valgomaten, seier Emma Grønås.

Marie Reilstad frå Finnøy leitar gjennom stemmesetlane for å finna "partiet sitt". Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Kontaktlærar Mari Ann Runestad seier vitsen med å arrangera skulevalg både er å fylgja opp den nye læreplanen kor demokrati og livsmestring er viktige element.

-Dessutan vil me at elvane skal få oppleva korleis eit valg virkar, det gjer dei best med å delta, seier Runestad.

Emma Grønås forklarer korleis stemmesetlane skal brukast. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Etter at valget er gjennomført, vil stemmestelane bli talde opp og elvane vil få i oppgave å laga søyler og diagram som viser kven som gjorde det skarpt og mindre skarpt i valget på sentralskulen.

Elevar frå 6. - 10. klasse deltek i valget, og Øyposten kjem sjølvsagt tilbake til resultatet.

7. klassingar klar til å stemma i det første skulevalget på Sentralskulen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø