Jostein Gard skal på blomstringstur til Sør-Afrika

Saman med afrikaekspert og reislivsoperatør David Lilleheim ifrå Rennesøy, går Gard nye vegar når han i september legg ut på blomstringstur til Sør- Afrika.

I september skal gartnar  Jostein Gard vera reiseleiar på bøomstringstur til Sør-Afrika. Foto: Arkiv.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

TALGJE:

Sjølv om han aldri har vore i Sør-Afrika er han ingen fyrstereisgut i reislivsbransjen. Ni gonger tidelgare har han reist med grupper til Grønland, og gått i Eirik Raude sine fotspor.,

-Det nærmaste eg har vore Sør- Afrika er alle stiklingane eg kjøper med morplantar i frå Sør Afrika. I Norge finns det utruleg mange planter og sommarblomar som kjem ifrå Sør-Afrika, blant anna Petunia som kjem i minst 1000 forskjellige sortar. Men ikkje dei populære Afrika-liljene som mange trur, dei kjem ifrå Spania. Men, me må ta eit lite atterhald om at det faktisk går an å reisa til Sør-Afrika i september, det kjem an på koronasituasjonen i landet, seier Gard.

- Må ein vera spesielt interessert i blomar for å vera med på turen?

- Er ikkje alle det då? Nei, det er ikkje slik. Turen tek føre seg alle høgdepunkta i Sør-Afrika, inkludert nokre av dei mest kjente blomsterparkane. Blant anna får me møta Christo Brand, Nelson Mandela sin fangevoktar og ven. I september ligg blomar og plantar i alle fargar som tepper utover slettene, det skal vera utruleg flott. Turen passar for alle som har lyst å oppleva Sør-Afrika.

Vil du høyra meir om turen kan du møta opp i gartneriet til Jostein Gard på Talgje fyrstkommande laurdag klokka 1600.

https://iwannago.no/package/blomstringstur/

Publisert: