Kåre Bjerga legg stemmesetlen i valurna til valfunksjonær Marie Therese Reilstad.|Ekteparet Kåre og Berit Bjerga, må¨tte til Judaberg for å stemma i år, og møtte opp då vallokalet åpna saman med dottera Sofie Bjerga Roth.

FINNØY

: -Det blir eit spennande val, seier ekteparet frå Halsnøy, som begge er enig om at dei ikkje ynskjer noko politisk skifte.,

Dette er det første valet kor veljarane frå Halsnøy og Nord-Hidle ikkje får stemma på heimeøya, etter at Stavanger kommune vedtok å leggja ned dei to minste valkrinsane i Finnøy kommunedel.

,Ekteparet Kåre og Berit Bjerga, måtte til Judaberg for å stemma i år, og møtte opp då vallokalet åpna saman med dottera Sofie Bjerga Roth.

FOTO: Rune Nedrebø

-Me er litt sure fordi me ikkje får stemmna på Halsnøy, seier ekteparet, som også tykkjer det er litt langt frå kaien og opp til Fleirbrukshallen, som er omgjort til stemmelokale.

Men dei trur likevel at dei halsnøybuane som har tenkt å stemma, vil gjera det.

-Eg trur mange alt har forhåndsstemt, det var så enkelt å stemma på Judaberg, seier dei.

Kåre og Berit Bjerga kjem saman med dottera Sofie Bjerga Roth. Sofie har alt gjort unna borgarplikta, mens foreldra venta til valgdagen.

Kåre Bjerga har bestemt seg for kva parti han skal stemma på "for lenge sidan".

-Det blir Frp, eg trur dei vil Norge godt, seier han, og får støtte frå kona. Begge kjem til å sitja opp i kveld for å fylgja utfallet av valet, for korleis utfallet blir i år, synes dei blir veldig spennande.

Også dottera Sofie Bjerga Roth er spent på valresultatet.

-Eg er redd for at eit skifte kan bli ganske skummelt, seier ho til Øyposten.

-Det er mykje snakk om klima, men eg stemmer ikkje på dei som vil avvikla arbeidsplassar utan at dei har noko godt alternativ, seier ho, og siktar til oljenæringa.