Telt, bord og benker er på plass, og Judaberg er forvandla til ein einaste stor festivalplass. Meteorologane lovar perfekt festivalvær med 18 grader, sol og nesten vindstille.
Det var hektisk aktivitet på Judaberg i morgontimane laurdag. Boder av alle slag skulle fyllast opp.,
Laurdagen er den store festivaldagen under tomatfestivalen, og programmet er tettpakka.
Det vert vandring i Judaberg-området med guide, politikarmoro på Innbyggartorget og barna kan læra kokkekunster på kjøkkenet i det nye Grieg-bygget. Det blir åpningsshow i hallen med ordførar Kari Nessa Nordtun, «Ta sjansen» og ikkje minst åpning av den nye brannstasjonen og ambulansebåten samt dåp av den nye ambulansebåten «Rygermedic».
Det er ordførar Kari Nessa Nordtun som får æra av å klyppa snora og knusa champagneflaska mot skroget på ambulansebåten.
I Rygjabøparken går det an å koma "tett på" Dag Otto Lauritzen, Rødne arrangerer fornemt "After Noon Tea-Cruise" med "Rygerlektra og Oskar Nordbø skal ha konsert i Heby-kyrkja laurdag kveld.
Og sjølvsagt blir det direktesendt Tomat-tv som vanleg i ettermiddag på TV Vest, med høgdepunkta frå dagen.