MF "Hidle" ved kai i den porugisiske havnebyen Portimao, på veg til Stavanger.|

NY FERJE

: -Me har ikkje noko anna val enn å ta ein dag om gangen, kanskje kjem me oss av garde neste veke, seier skipper Helge Lunden frå Finnøy på «Hidle» til Øyposten.,

Ferja ligg for tida ved kai i den nordspanske havnebyen El Ferrol. Det er forøvrig den same byen som dei norske fregattane blei bygde i.

«Hidle» gjekk frå verftet i Tyrkia for fire veker sidan, og viss alt hadde gått etter planen skulle ho vore i Stavanger for lengst. Når ho kan vera framme i heimbyen vågar ikkje skipper Helge Lunden å spå noko om. Etter planen skulle ferja vore sett inn i trafikk i Finnøysambandet i sommar, men blei forsinka frå verftet på grunn av korona. I tillegg har altså heimreisa vore meir trøblete enn venta.

- Hadde me kunna gå nær kysten, slik me kan i Norge, ville det gått fint. Men me må fylgja skipsleia, og i Bicayabukta er det ganske grov sjø. Me har snakka med skip som er i bukta, og dei melder om tung sjø, opplyser Lunden.

Heile reisa for «Hidle»frå Tyrkia til Stavanger  er 3600 nautiske mil, og nå har ferja 1200-1400 mil igjen igjen.

-Vêret har vore heilt uvanleg med nordavind i lange tider, og sjølv om ferja fungerer heilt fint, er ho ikkje bygd for åpne farvatn, seier Helge Lunden.

Viss vinden snur, reknar han med å kunna kryssa Biscay ganske kjapt, men dei har forsatt den Engelske kanal og Nordsjøen igjen, som og kan vera utfordrande.

Sjølv om heimreisa har tatt lengre tid enn dei håpa, er stemninga om bord god. Landskapet kor dei ligg ved kai minner ikkje så lite om Norge, ifølge Lunden.

-Men det er klart at me blir litt rastlause av å gå og venta på betre vêr, men det er lite me kan gjera med det. Dessutan var me forberedt på at det kunne bli lenge heimanfrå, seier han.