Her er konkurrentane som skal kjempa om å bli beste produkt i klassen Årets Grønne. Foto: Det Norske Måltid/ Kristin Austigard.

STAVANGER:

I finalen til neste år skal Helgøyfrukt kjempa om å bli Norges beste produkt i klassen Årets grønne. Det er saman med Aprikos frå Sogn Frukt og Grønt, og Asparges frå Brødrene Freberg, Vestfold og Telemark,

Totalt går 39 mat- og drikkeprodukt vidare til finalen i Stavanger 3. februar 2022.

Heile 11 av desse er produsentar frå Rogland, totalt tre frå Ryfylke.

– Det Norske Måltid er eit av dei viktigaste omdømmetiltaka i arbeidet med å synleggjera matnasjonen Norge. Finalistane kjem frå heile landet, og viser breidda og kvaliteten Norge har som matnasjon, seier leiar for Det Norske Måltid, Kristin Austigard i ein pressemelding.

Finalistane er delt inn forskjellige klassar, etter kva dei produserer, og skal kjempa om å bli best i Norge i sine respektive klassar.

Årets meieriprodukt:

Ryfylkeyoghurt naturell frå Ryfylke gardsysteri, Hjelmeland.,

Årets kjøtt foredlet:

Kaldrøykt pinnekjøt av Fjellam frå Ryfylke – A.Idsøe.