Ny usikkerhet for naustet på Bokn
Anken frå ein hytttenabo over vedtaket omn at naustet til Jan Bokn kan få stå, har skapt ny usikkerhet om kva det endelege utfalet blir, om det likevel må rivast. Siste utveg nå viss avgjerda går Bokn i mot er ein anke til Sivilombudsmannen.
BOKN:
Det er duka for ein ny runde om naust-saka på Bokn etter at hytteeigaren har påklaga det samrøystes vedtaket i Utvalg for by- og samfunnsutvikling i Stavanger tidlegare i haust.,
I vedtaket blei naustet vurdert som så viktig for gardsdrifta at det bør få stå, eit vedtak administrasjonen i Stavanger kommune advarte sterkt i mot.
Nå er vedtaket klaga inn for fylkesmannen, men kan til sjuande og sist enda som sak på kommunalminister Nikolai Astrup sitt bord.
I klagen blir det mellom anna vist til at politikarane i Stavanger har gått mo råd og vedtak fatta av fylkesmannen, sivilombudsmannen og administrasjonen i Stavanger kommune.
Etter kva Øyposten får opplyst hos Fylkesmannen i Rogaland vil den avgjerda som kjem nå ikkje vera mulig å anka inn for departementet. Men ein siste mulighet kan vera å anke henne inn for Sivilombudsmannen, ein mulighet som begge partar vil ha.
Kven som skal behandla saka, om det blir fylkesmannen i Rogaland eller ein settefylkesmann, er førebels ikkje klart.
Fylkesmannen i Rogaland skriv i eit svar til Øyposten at det bare er aktuelt å be om at det blir oppnevnt settefylkesmann viss Fylkesmannen i Rogaland er innhabil i saka. Det vil bli vurdert når klagen ligg på bordet.
Jon Olav Runestad, som har engasjert seg til fordel for Jan Bokn i naust-saka, seier at Bokn nok hadde håpa at saka var ute av verden.
-Men sett i lys av historia iu denne saka var det kanskje ikkje så overraska at avgjerda blei anka, seier Runestad.