Veteran vant fiskefestivalen
Harald Helgeland frå Sjernarøy vant nok ein gong herreklassen under fiskefestivalen på Sjernarøy. Ida Samira Øglænd sikra seg sin første seier i dameklassen. 100 deltakarar var med på årets fiskefestival på Sjernarøy. Største fisken var ei lange på 3,59 kilo.
SJERNARØY:
-Det er langt frå rekord, men me må seia oss nøgde likevel, seier arrangøren, Fridtjov Furre til Øyposten.,
Været var ikkje det beste, noko som kan ha spelt inn på deltakinga. Dessutan blir det ikkje den obligatoriske dansen om kvelden på grunn av korona-situasjonen. I staden blir det konsert og allsong med Atomic band.
Rekorden når det gjeld deltaking blei sett for nokre år sidan då det var 259 deltakarar.
Vandrepokalen for herrer var det ein veteran som stakk av med, Harald Helgeland. Helgeland har vunne mange premiar på fiskefestivalar opp gjennom åra. Og denne gongen vann han herreklassen med ein torsk på 2,59 kilo. Ida Samira Øglænd fekk vandrepokalen for kvinner etter å ha fått ein lyr på 3,12 kilo på kroken. Ho har delteke sidan ho var lita, men og det er første gang ho går heilt til topps.
Største fisk fekk Dumitru Vesa frå Romania. Det var ei lange på 3,59 kilo, og for den fekk fekk han ein pokal frå Sølvsmeden på Finnøy.
Resultatlista ser slik ut:
Lilleputt:
Sei - ingen vinnar
Lyr: Nikolai Lien 0,98 kg
Torsk: Noa Østevik 1,24 kilo
Junior:
Sei: Mille Hamre 0,43 kilo
Lyr: Marius Jåtun 0,82 kilo
Torsk: Henry Thoresen 2,56 kilo
Damer:
Sei: Vibeke Landsnes 0,54 kilo
Lyr: Ida Samira Øglænd 3,12 kilo
Torsk: Cecilie Castro 2,46 kilo
Herrer:
Sei: Sebastian Hamre 0,33 kilo
Torger Gimre 0,33 kilo
Lyr: Magne Furre 1,78 kilo
Torsk: Harald Helgeland 2,59 kilo