Stolt som ein hane over å ha åpna Innbyggartorget
Birger W. Hetland var «stolt som ein hane» over å kunna ønska Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun velkommen til åpninga av det nye, flotte Innbyggartorget på Judaberg tysdag kveld.
FINNØY:
Innbyggartorget blei åpna med mykje fint-folk til stades. Forrutan heile kommunedelsutvalet, hadde både ordførar Kari Nessa Nordtun og varaordførar Dagny Sunnanå Hausken teke turen til Finnøy i anledningen. Også sentrale folk frå administrasjonen i kommunen var til stades.,
Birger Hetland ønskte eit 30-40 tals gjester velkomne, og uttrykte håp og eit sterkt ønske om at Innbyggartorget ville bli til gagn og ein møteplass for Finnøy-folket.
Ordførar Kari Nessa Nordtun slo fast at Innbyggartorget er ei nysatsing frå den nye kommunen si side, som det blir lagt stor vekt på. I finværet fekk folk mingla med både makteliten i byen og lokalpolitikarane, mens Ryfylkekokken spanderte kake og godt i glaset. Frå scena var det musikkalsk underhaldning.
Etterpå kunne kommunedelsutvalet ha sitt første møte i dei nye lokala, som er den gamle kommunestyresalen i det tidlegare rådhuset. Den er nå pussa opp frå golv til tak.
Øyposten kjem tilbake i papiravisa med ein fyldigare reportasje frå åpninga.