FOGN/SJERNARØY:

Sjølv om korona og smittevern har sett ein stoppar for gjennomføringa av mange tradisjonelle kyrkjelege arrangement, har det vist seg å ikkje vera berre negativt.,

I helga blei jula sungen inn på Fogn og i Sjernarøyane. Med berre 50 lovlege tilhøyrar i kyrkjeromma og med allsong viss det det let seg gjennomføra med 2 meter mellom husstandane, har dei ansvarlege blitt tvinga til å tenka nytt. Det har gitt gledelege resultat. På Fogn blei deler av arrangementet i går kveld lagt utandørs, og heile konserten blei filma og lagt på nettet. Også på Sjernarøy ligg arrangementet på Kyrkja i Finnøy si facebookside og på heimesida finnoykyrkja.no

- Det var svært stemningsfullt å stå på kyrkjebakken og synga jula inn under open himmel i kveldsmørket. Vêret var klart og vakkert og gjorde nok sitt til stemninga blei ekstra høgtidsam. Sjølv utan korona, ville dette vore ein god idé. Kanskje er det noko å tenka på til nest års arrangement?

Dette året har utan tvil gjort oss meir digitale, og såleis også opna opp for nye moglegheiter. Måndag morgon hadde meir enn 900 personar vore inne og sett på opptaket ifrå arrangementet på Fogn sundag kveld, det er ganske imponerande. Det viser igjen at me når lenger ut, og til fleire folk, enn det me ville gjort med berre eit «vanleg» arrangement. Ingen veit rett nok kor lang tid den enkelte har brukt inne på sida, men uansett, dette er svært bra, seier vikarierande leiar ved kyrkjekontoret, Heidi Bø Sangedal.

På Sjernarøy var det Sjernarøy Kantori som underhaldt med vakker song og musikk, saman med Johanna Hidle og fem unge jenter, Unni Vignes og Asbjørn Sivertsen. Steinar Mjølsnes delte nokre tankevekkande ord med dei frammøtte.

Gudstenesta på julaftan på Fogn skal også strøymast slik at alle som vil kan få med seg julegudstenesta. Det vil og bli laga film frå Sjernarøy kyrkje på julaftan. Det skal også lagast filmopptak frå Hesby kyrkje sitt Me syng jula inn-arrangement fyrstkommande laurdag.