FINNØY:

Torgeir Spanne (89) viser gjerne fram det flotte treet, som står i hagen til gamlehuset på garden.,

-Huset blei sannsynlegvis bygd i 1853, og treet kan ha blitt planta etterpå i forbindelse med at hagen blei anlagt, seier Spanne til Øyposten.

Det var oldefar hans, Torger Jensen Spanne som då budde her.

Det betyr at lønnetreet nå er rundt 170 år. Opphavleg stod det fem lønnetre på rekke her, men to av dei blei tatt ned for å gi resten meir plass. Men ein storm, kanskje stormen i 1968,  tok seinare den som då blei ståande på enden. Vind både av nordleg og austleg retning tek godt her, men stormen som blei dette treet sin bane har truleg hatt meir vestleg eller sørleg rentning. Etterpå blei også treet i midten fellt.

Dermed kunne det staselege lønnetreet som blei igjen breia seg så mykje det ville.

-Men det treet som blei igjen var alltid størst, opplyser Torgeir Spanne.

Då kommunen i sommar var rundt for å registrera eiketre i Finnøy og Rennesøy, var ei eik på Rennesøy den største dei kom over. Den målte knapt fem meter i omkrins, og var også eit re med mange store greiner.