STAVANGER:  -Eg var spent på utfallet, men dette er ok, seier Ladstein til Øyposten.,

Det er Ladstein Bygg As som eig 80 prosent av boligfeltet, medan Svein Østhus eig 20 prosent.

Finnøy kommune inngjekk i si tid avtale om å kjøpa tre tomter i boligfeltet, for å få fart på utbygginga, ein avtale Stavanger kommune overtok. Men fristen for å klargjera tomtene gjekk ut ved årsskiftet, og det same gjorde i utgangspunktet kommunen sine forpliktelsar.

Det var nye rekkefølgekrav om gang- og sykkelsti, og planlegging av dette, som var bakgrunnen for søknaden om utsetjing.

Ladstein reknar med at dei praktiske konsekvensane av vedtaket kan bli noko mindre momsrefusjon.

-I utgangspunktet betyr vedtaket ein større momsrefusjon enn i gamle Finnøy, men Stavanger opererer med høgare behandlingsrefusjon og resultatet kan difor bli noko mindre moms tilbake. Men alt i alt er dette heilt ok.

-Blir det ferdige innan denne tidsfristen?

-Det håpar eg, seier Asgeir Ladstein.

Kommunedirektøren ville ikkje at Stavanger kommune skulle forlenga fristen, men fleirtalet i formannskapet ville det annanleis. Dag Mossige og Ap saman med Mdg og Sp fremja forslag om at fristen blir forlenga til 31. mars, slik utbyggar søkte om. Men stiller samtidig som vilkår at kostprisen for tomtene blir nedjustert som ein følge av at kommunen tilbyr høgare momsrefusjon.