"Fjordfart" blir sett inn i ruta etter grunnstøytinga.

STAVANGER

: Høyre fekk ikkje fleirtal for sitt forslag om å venta med kutt i hurtigbåttilbudet til 2023, men det blir ingen umiddelbare kutt, vedtok fylkestinget.,

Nå skal først ei tverrpolitisk arbeidsgruppe med utspring i fylket sitt samferdselsutval koma med forslag til korleis rutetilbudet skal sjå ut i framtida, som så skal sendast ut på høyring.

Forslaget skal så til politisk behandling i fylkestinget i juni, og først då vil det bli klart korleis kutta kjem.

Høyres Ole Ueland meinte det politiske fleirtalet driv med "tåkelegging".

-Kutt vil merkast, og det blir ikkje betre om dei blir utsette til sommaren, hevda Ueland.

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg (sp) oppfordra i debatten i fylkestinget arbeidsgruppa om å ta ei befaring.

-Det første gruppa må gjera er å ta ei befaring i Ryfylke og oppleva avstandane der. Det vil vera nyttig, sa Bergsvåg mellom anna.

Medlem av samferdselsutvalet, Jarle Bø, reknar med at han blir med i gruppa.

-Det blir ikkje noko kutt nå. Me vil sjå reisemønsteret i Ryfylke i samanheng før me bestemmer oss for noko, seier Bø til Øyposten.

Ifølge Jarle Bø vil arbeidsgruppa sjå buss, ferjer og hurtigbåt i samanheng, og slik at dei med lengst reiseveg til Stavanger fortsatt skal ha eit tilbud.

-Men det betyr ikkje at det ikkje kan bli endringar også for dei med lengre reiseveg. Det er ikkje sikkert at båten i framtida vil gå heilt til Stavanger, det kan tenkjast at Tau eller Judaberg blir framtidige knutepunkt med bussforbindelse vidare til byen, seier Bø.

Fylkespolitikarane i Rogaland har likevel ikkje gitt opp å endra på nøkkelen for statleg tildeling av hurtigbåtsubsidiar. Arne Bergsvåg viste til at det ligg eit dokument 8 forslag i Stortinget frå Ap, Sp og SV om dette, som han håpa kunne få fleirtal.

Frode Myrhol (fnb) gjekk så lagt som til å "forventa" at regjeringa vil gjera endringar her, og kanskje oppsiktvekkande for nokon slo Myrhol også fast at bompengepartiet ikkje ynskjer noko kutt i hurtigbåttilbudet i Ryfylke.