Då dei siste bilane blei vinka ombord på MF "Sjernarøy" på ti over to-avgangen onsdag, var det fortsatt litt plass på ferja.|I Helgøysund var det kome mykje båtar onsdag ettermiddag.|Mange som ville med ferja frå Judaberg onsdag.

FINNØY:

Då Øyposten tok ferja ti over to onsdag ettermiddag var det tilnærma full ferje, men alle kom med på direkteturen til Sjernarøy.,

-Det skuldast dei nye rutene, seier skipper på MF "Sjernarøy", Ole Johannes Landsnes til Øyposten.

Stor utfart

Ifølge Landsnes har det gått svært bra å avvikla påskeutfarten i år, til forskjel frå tidlegare år.

Mange som ville med ferja frå Judaberg onsdag. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Onsdag i påskeveka brukar å vera den store utfartsdagen, og spesielt på direkteavgangane til Sjernarøy har det tidlegare vore kø og ventetid for å koma med. Utfarten i år var like stor som tidlegare, men utan at folk måtte venta for å koma med ferjene, ifølge Landsnes.

-Det er første gang det har skjedd, og i år fekk me til og med med oss eit par store laksetrailarar som skulle til slakteriet på Helgøy, opplyser han.

Kvardagsruter Skjærtorsdag og Langfredag

Dei nye rutene blei innført frå nyttår. I tillegg til det tek også den nye Ryfylkeruta unna ein del trafikk frå Finnøy til Sjernarøyane, seier Landsnes.

Nytt av året er det også at det er kvardagsruter både Skjærtorsdag og Langfredag, medan det er søndagsruter første og andre påskedag.

I tillegg til stor utfart med bil, var det også mange som let seg lokka innover med eigen båt. Vêrmeldingane dei neste dagane er gode, og i båthavna i Helgøysund var det mange båtar onsdag.

I Helgøysund var det kome mykje båtar onsdag ettermiddag. Foto: FOTO: Rune Nedrebø