Bøndene i Rennesøy og Finnøy har auka produksjonen av melk kraftig i 2020.Foto: Jon A. Flesjå

FINNØY/RENNESØY:

Det er i sterk kontrast til situasjonen for eitt år sidan, då mjølkebøndene blei bedne om å redusera produksjonen. Men koronapandemien og stengte grenser har snutt opp ned på situasjonen i løpet av inneverande år, og behovet for å få tilført meir mjølk har berre auka utover året hjå mottakarene Tine og Q-meieriet.,

Det har resultert i to justeringar berre i løpet av 2020, slik at ved årsskifte låg det såkalla forholdstalet på 1,05 , som betyr at det ligg 5% over gjeldane produskjonskvote som den enkelte mjølkebonde har. For 2021 blir kvoten auka ytterlegare 2%, ettersom Landbruks og matdepartementet i dag har fastsett nye mjølkekvotar med eit forholdstal på 1,07.

Sjølv om den norske produksjonen av Jarlsbergost nå er fasa ut og blir utført på nyanlegg i Irland, og ikkje lenger gjennom bruk av norskprodusert mjølk som råstoff her i landet, har altså den ekstarordinære situasjonen med reduserte grensehandel og ein betydeleg auke i forbruket av mjølk og mjølkeprodukter, endra dette bilete totalt . Men marknadsregulator Tine påpeikar at eit auka melkebehov på heile 1540 millionar liter, likevel er usikker på grunn av den pågåande koronapandemien, og korleis dette vil utvikla seg til neste år.