FINNØY: -Ja, dette saman med ei ekstra bevilgning frå ubrukte midlar på inneverande budsjettår i Stavanger kommune har gjort det muleg å få gjennomført dettenå, opplyser tidlegare driftsleirar ved uteseksjonen i Finnøy kommune, Eirik Solbakken Christoffersen.,-Den siste tida har nemleg delar av Rygjabøvegen, i bakken opp frå gamle Judaberg kai til skulen, fått nytt dekke. Det same har den kommunale vegstrekninga mellom Harås og Landa. Og i dag blir også asfalteringsarbeidet over Kyrkjeskaret, mellom Ladstein og Steinnes ferdig, opplyser ein svært tilfreds driftsleiar.,

-Ja, er det slik å forstå at dette kjem før tida, også på grunn av godværet?

,-Me hadde i fleire år ei prioriteringsliste internt i gamle Finnøy kommune som me prøver å vidareføre og fylgja. Då sjølvsagt avhengig av dei kommunale bevilgningane til eikvar tid. Både på Fogn og Ombo er det gjennomført betydeleg asfalteringsarbeid på kommunale vegar dei siste åra. Nå fylgjer altså Finnøy etter, og sist ute er dei kommunale vegane i Sjernarøy, som me sjølvsagt også håpar å ta så raskt som muleg, undertrekar Christoffersen.,-Det er også litt uvanleg å driva med asfalteringsarbeid på denne tida av året, tett oppunder jul. Men tørrt og mildt vær gjer altså dette muleg,Og utan denne ekstraløyvinga frå kommunen, hadde nok dette sårt tiltrengde asfalteringsarbeidet blitt utsett i tid, legg han avslutningsvis til.