Koordinator Tina Nådland ved Vikevåg innbyggertorg, ber folk engasjera seg i utfrminga av arealplanen.

RENNESØY- FINNØY

: Det er slik at når kommunen lagar ein ny plan er det lovpålagt å involvera innbyggarane og andre interesserte for å få innspel til planarbeidet.,

Kommunen ynskjer å få svar på kva som gjer at folk trivast i nærmiljøet sitt? Kva som kan bli betre, og kva kan kommunen gjera? No har du sjansen til å sei di meining.

Ved å trykka deg på denne lenka kan inn på sida og sei di meining. Stavanger kommune (folkebudsjett.no)  Trykk på «Bli med på å utvikle nærmiljøet ditt» og du er i gang. Her kan du lansera nye idear, og svara på sørsmål om nærmiljøet ditt. Du kan og sjå kva andre i Finnøy og Rennesøy har skrive, diskutera og gi tommel opp til forslag du støttar.

Aktive rennesøybuar

Eit kjapt søk på sida viser at det er størst engasjement i rennesøybuen. Eit av innspela som har fått mange støtter, eller «likes» om ein vil, er forslaget ifrå Bjarte Finnestad som føreslår tursti rundt Austbøstemmen, 20 støtter. Eller RBMX som vil ha Motocrossbane på Bru. Dagny Håmsø sitt forslag om tuftepark bak Sørbø grendahus har førebels fått 1 støtte. Elles er det komme inn forslag om lys ved leikeplassane på Skorpefjell, fortau ifrå Vestre Åmøy kapell til Åmøybrua og sandvolleybane ved idrettsanlegg og skule på Mosterøy og fleire andre.

På Finnøy er dei ikkje like aktive. Enn så lenge er det berre Harald Bryne som har gitt innspel i forhold til Ladstein industriområde og om bustadutbygging på området mellom Judaberg og Ladstein.

- Me er glade for alle innspel men dette er eit  langsiktig arbeid og me sitt diverre ikkje klar med mange millionar og kan gjennomføra konktrete tiltak, det må tas i handlings -og økonomiplanen. Men innspela gir ein god peikepinne på kva innbyggarane har behov for, seier Eli Dyrnes Willumsen, rådgjevar i avdeling for byutvikling.

Me samrbeidet

Handlar om kvardagen

Etter kvart som innspela kjem inn blir dei sendt vidare til dei rette instansane. Der blir dei tekne med i den vidare planlegginga og utviklinga av kommunen. Også kommunedelutvala skal innvolverast slik at dei som kjenner områda godt får uttala og kan ha ein aktiv rolle idet vidare aarbeidet.

Innbyggrtorgkoordinator i Vikevåg, Tina Nådland og koordinator ved innbyggaratorget på Judaberg, Rita Lindås, oppmoda flest mogleg til å delta for slik å kunne påverka kvardagen til innbyggarane i dei to nye kommunedelane.

Fristen for å sei meininga di er 31.mars.