Koronasmitte på Sjernarøy og på Finnøy

Det er påvist koronasmitte hos ein eldre mann og ei yngre kvinne på Sjernarøy. På Finnøy er det registrert fleire smitta.

Både Kari Kristine Norheim og faren er smitta av Covid 19.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

SJERNARØY:

-Me slepper ingen inn, og held oss mest for oss sjølv, seier Kari Kristine Norheim frå Sjernarøy til Øyposten.,

Både ho og faren Kjell Norheim har fått påvist Covid 19, etter at ho hadde besøk av kjærasten i helga. Mora blei ikkje smitta. Ho seier faren, som er 84 år, ikkje kjenner seg så bra, og sjølv merkar ho også symptoma.

-Det er ikkje å anbefala, me føler oss nokså tungpusta og trøytte. Far har også ein del slim som han synes det er vanskeleg å hosta opp, seier ho. Både ho og faren og mora er fullvaksinerte, men har ikkje fått tredje dose.

-Me synes det er litt tungvindt å reisa heilt til byen for å få dose nummer tre, seier Kari Kristine Norheim.

Ferjebillett på nett

Sidan faren ikkje kjente seg så bra, var det uaktuelt for faren å reisa heilt til Stavanger for å testa seg. I staden gjorde dei ein avtale med legekontoret på Finnøy om å ta testen der.

-Det gjekk fint, men me måtte finna ut korleis me skulle reisa med ferja utan å smitta andre. Eg ringde til ferja "Foldøy", og der sa dei me kunna kjøpa billettar på nettet. Det gjorde me og sat i bilen både fram og tilbake, seier ho, og tykkjer det er greitt å vera åpen om saka.

-Dette er noko som kan ramma alle, me håpar bare me blir friske til jul, seier ho.

Det høyrer også med til historia at Øyposten var på besøk ho familien på mandag, for å laga ei sak om  første verdenskrig, og deltakinga der til far til Kjell Norheim. Men redaktør Rune Nedrebø tok nyleg oppfriskingssprøyta, 3. dose, og er ikkje smitta.

-Det er ein lettelse, for det kunne ramma avisa hardt viss staben hadde fått korona, seier han.

Fleire smitta

Også i Finnøy er det meldt om fleire smitta dei siste dagane. I samband med gjennomføringa av ein fotballfest måndag kveld på Idrettshuset, har ein vaksen person testa positivt. Smittevegen er ukjent, og den smitta skal vera fullvaksinert. Elles er det fleire born som er meldt smitta.

Så langt har kommunedelen vore skåna for det store smittetrykket.

Viss du har mistanke om at du sjølv eller andre kan vera smitta, kan du ta kontakt med innbyggarservice og få utlevert ein sjølvtest.

I går, onsdag blei det påvist 107 nye smittetilfelle i Stavanger, medan talet dagen før var 78.

På kommunen sine heimesider kan du fylga utviklinga. Kvar dag legg dei ut ein oversikt over talet på nye smittetilfelle.

Publisert: